Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Framleis auke i ledige stillingar

Fleire av stillingane kjem frå industrien.

Publisert Sist oppdatert

Frå 1. til 2. kvartal 2018 auka det sesongjusterte talet på ledige stillingar med 3.200, som vil seie ein auke på 5 prosent.

Etter nokre år med nedgang har det i løpet av dei par siste åra stort sett vore oppgang. Ein må tilbake til 2011 for å finne tilsvarande nivå i talet på ledige stillingar, viser tal frå statistikken Ledige stillingar.

Det sesongjusterte talet over ledige stillingar har hatt en positiv utvikling i heile perioden frå 4. kvartal 2016, og trendtalet har vore positivt heilt sidan 1. kvartal det same året. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,4 i 2. kvartal 2018.

Denne næringa aukar

Frå 1. til 2. kvartal 2018 auka talet på ledige stillingar i industrien med 600, som vil seie ein auke på 20 prosent. Ein må tilbake til 2013 for å finne tilsvarande nivå i talet på ledige stillingar i denne næringa.

Prosentdelen ledige stillingar i industrien var på 1,7 i 2. kvartal 2018, opp 0,3 prosentpoeng frå kvartalet før. Ein god del av auken i industrien siste år har kome frå næringar som leverer varer og tenester til oljenæringa, til dømes metallvareindustrien og bygging av skip og plattformer.

Frå 1. til 2. kvartal 2018 var talet på ledige stillingar i bergverksdrift og utvinning (dominert av olje- og gassverksemd) stabilt, justert for sesongvariasjonar. Men denne næringa har hatt ein sterk auke i talet på ledige stillingar siste år sett under eitt – og talet på ledige stillingar i denne næringa er no på nivå med tida før oljeprisfallet i 2014.

Powered by Labrador CMS