Annonse
SKEPTISKE: Fleire arbeidsgjevarar vil heller tilsetje ein person med kriminell bakgrunn før dei tilset ein med synshemming, viser undersøking. Foto: Bacho12345/Dreamstime
Forskning

Myter stenger synshemma ute

Han forskar på tilhøva for funksjonsnedsette i Oslo og i New Delhi.

Ei undersøking gjort av MMI viser at ein blind person med førarhund ikkje har noko særlig sjans for å ein gong bli kalla inn til intervju, og langt mindre bli tilsett i ei stilling, sjølv om han eller ho har kvalifikasjonane som trengst. Fleire arbeidsgjevarar vil heller tilsetje ein person med kriminell bakgrunn før dei tilset ein med synshemming.

Oslo samanlikna med New Delhi

OsloMet-stipendiat Gagan Chhabra, som opprinneleg er frå India, har gjort ei samanlikning ingen andre forskarar har gjort før han.

Korleis har personar med funksjonsnedsetting det i Oslo samanlikna med i New Delhi?

– Eg oppdaga at Noreg berre blir samanlikna med andre OECD-land, land vi liknar på, når det kjem til tilhøva for folk med ei funksjonsnedsetting, seier Chhabra.

– Sjølv om Noreg og India er langt frå kvarandre på dei fleste områder, valde eg likevel å samanlikne dei. Eg trur begge land har noko å lære av kvarandre.

Dei unge søkjarane blir møtt med spørsmål som ikkje er relevante for evna til å utføre jobben dei søkjer.

Like tilhøve

Du tenkjer kanskje at Oslo ligg milelangt framfor New Delhi når det kjem til inkluderande arbeidsliv?

Tilhøva er faktisk overraskande like når ein samanliknar dei to landa.

– Eg forventa at det norske arbeidsmarknaden var opent, inkluderande, tilgjengelig og opplyst slik at arbeidslinja for unge med synshemmingar ikkje inneheldt store barrierar når eg samanlikna det med ein storby i India. Men eg vart overraska over kor likt det er mellom politikken og opplevingane dei unge svaksynte har i arbeidsmarkedet i dei to byane, seier han.

Velferdsstaten Noreg har ei lang historie med fokus på omfordeling og inkludering. Likevel er enkelte grupper meir inkludert enn andre.

I sine studiar ser Chhabra blant anna at NAV ofte anbefaler unge med synshemmingar uføretrygd som løysing. Dette er eit symptom på låge forventningar til denne gruppa.

Les også: – Urovekkende mange unge synshemmede på uføretrygd

Låge forventningar til arbeidslivet

«Korleis kjem du deg på do når du ikkje ser?»

Sitatet er frå eit jobbintervju i Oslo. I 2017.

I ein kvalitativ studie gjort blant unge svaksynte jobbsøkjarar i Oslo av MMI kom det fram dystre historier.

I lengden blir det dyrt for oss å ikkje la disse unge menneska få ta del i arbeidslivet.

Det viser seg at dei har låge forventningar til arbeidslivet. Dei unge søkjarane blir møtt med spørsmål som ikkje er relevante for evna til å utføre jobben dei søkjer, og som viser at arbeidsgjevaren ikkje kan nok om tilhøva deira.

– Kan du bruke datamaskin? Korleis kjem du deg på do? Korleis kjem du deg til jobb? Fleire av søkarane kjente på diskriminering og blir møtte med alternative forklaringar for å ikkje bli invitert til intervju eller tilsett i det heile. Fleire vart møtt med avvising når arbeidsgjevar oppdaga at dei var svaksynte.

– Beklagar, vi har akkurat tilsett ein annan søkjer.

– Enten har arbeidsgjevarane lite kunnskap om unge med funksjonsnedsetting, eller så meiner dei at det er staten si oppgåve å hjelpe gjennom ulike støtteordningar, seier Chhabra.

Ikkje mye å skryte av

Både fagfolk og dei unge som Chhabra snakka med i studien ser at arbeidsgjevarar ofte tenkjer at likestilling berre betyr likestilling av kjønn og kulturell bakgrunn. Likestilling av personar med ei funksjonsnedsetting er ofte ikkje noko arbeidsgjevarar i Oslo og New Delhi tenkjer på.

Dei unge søkjarane seier sjølv at det offentlig blir uttalt at funksjonsnedsette kan gjere ein like god jobb som funksjonsfriske. Røynda er ein annan.

– Noreg er langt framme på ein del områder når det kjem til å legge til rette for personar med funksjonsnedsetting og vi er komme langt i arbeidet med å gjere samfunnet universelt utforma. Men på arbeidsmarknaden har vi ikkje mykje vi kan skryte av, seier Chhabra.

Gjennom sine samanliknande studiar håpar han å få til ein meir open og ærlig offentlig samtale om tema.

– Mangelen på kunnskap fører til skadelige haldningar og i lengden blir det dyrt for oss å ikkje la disse unge menneska få ta del i arbeidslivet, avsluttar han.

Referansar:

Rapport utarbeidet for Nasjonalt dokumentasjonssenter for personer med nedsett funksjonsevne av Erik Dalen MMI 14. mars 2006.

Viten + praksis

Denne artikkelen ble først publisert av Viten + praksis, et forskningsmagasin utgitt av OsloMet - Storbyuniversitetet.

Annonse

Viten + praksis

Denne artikkelen ble først publisert av Viten + praksis, et forskningsmagasin utgitt av OsloMet - Storbyuniversitetet.

Annonse