Fra papirutgaven

Sofie vart definert som «for ustabil». Ingen ­instutisjonar ville ha ho. Alle hadde gitt ho opp.

Mindre medisin – meir ansvar for eige liv

«Sofie» (19) har for første gong fått ansvar for sitt eige liv. Ho deltek i behandlingsprogrammet Basal eksponerings­terapi (BET) for psykisk sjuke, eit ­program som så langt har gitt svært gode resultat. Fleire fagmiljø innanfor psykisk helse går no i ei retning der dei gir pasientane mindre medisin – og meir ansvar.

Publisert Sist oppdatert

Ho hugsar godt den første veka i behandlingsprogrammet BET ved psykiatriavdelinga på Lier sjukehus. I eit forsøk på å rømme, enda ho opp i Lierbyen, klar til å ta ein overdose. Då ho til slutt likevel bestemmer seg for å ringe BET-teamet, spør ho om dei kan kome å hente ho.

Dei svarar blankt nei. I staden seier dei at ho kan gå dei ti minutta det tek tilbake til avdelinga.

19-åringen har rømt frå institusjonar mange gonger før. Men dette er første gong helsepersonellet ikkje rykker ut. Overraska over å få ansvar for første gong, ruslar ho på eiga hand tilbake til psykiatriavdelinga på Lier.

Psykiske lidingar

  • I løpet av 12 månadar vil rundt 16 til 22 prosent av den vaksne befolkninga i Noreg ha ei psykisk liding.
  • Dei vanlegaste psykiske lidingane blant vaksne er angst, depresjon og rusmisbruk. Den vanlegaste enkeltlidinga er spesifikk fobi.
  • Rundt ein fjerdedel av den norske befolkninga vil verte ramma av ei angstliding i løpet av livet, og omlag 15 prosent i løpet av eit år.
  • Depresjon vil ramma ein av fem i løpet av livet og ein av ti i løpet av 12 månader.
Rapporten «Psykisk helse 2018» frå Folkehelseinstituttet

Gradestokken kryp ned mot ti minus denne vintermorgonen. Himmelen er blå, lufta frisk og sola skin klart i Lier. Bygga ved gamle Lier sjukehus ligg eit stykkje frå hovudvegen. Dei er spøkjelsesliknande, slitte og klare for riving. Ein skulle nesten ikkje tru det framleis var aktivitet her, eller at nokon i det heile teke kunne budd på innsida av dei dystre murbygga.

Psykisk sjuke har sidan 1926 fått behandling her. I dag er berre fire av dei totalt 12 bygga i bruk. Men snart er dei gjenverande bygningane òg historie. Likevel vert det skrive eit nytt kapittel i behandlinga av psykisk sjuke innanfor desse veggene då Plot besøkjer avdelinga.

Inne i administrasjonsbygget for psykisk helse og rus, pregar tomme gangar, flytteboksar og nakne veggar kontorlandskapet. Sofie (19) står saman med ein av terapeutane i behandlingsteamet sitt i det gamle kontoret til han som har utvikla BET-behandlinga, Didrik Heggdal. Den unge jenta vimsar med hendene og ser sjenert ned i golvet.

Foto Didrik Heggdal meiner mindre tvang og meir ansvar til pasienten er viktig. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Sofie har delteke i BET-programmet i fem månader. Behandlinga går ut på at pasientane skal kjenne på dei vanskelege kjenslene og tankane dei har og ikkje unngå dei, slik medisinar ofte bidreg til. Ho har ei veke igjen av behandlinga då Plot møter ho. Veka etter flyttar ho inn i eigen omsorgsbustad og skal for første gong bu åleine.

19-åringen, som litt nervøst strekker ut handa for å helse, ønskjer å vere anonym i dette intervjuet sidan ho framleis er i behandling. Vi omtaler ho difor som Sofie. Ho sit med føtene i kors og fortel med lys stemme om tankane rundt det å no skulle flytte for seg sjølv.

– Det vert litt rart å kome heim, men veldig greitt. Eg gruar meg litt til å sjå korleis det går. Men det veit eg ikkje før eg flyttar heim, seier ho utan å møte blikket mitt.

Etter at ho flytta heimanfrå som 14-åring har ho budd i fosterheim, på barnevernsinstitusjonar og i vaksenpsykiatrien. Dette er første gong ho skal bu åleine.

– Det blir litt skummelt, men det vert ein bra ting fordi det er framgang. Eg gler meg til å bestemme meir sjølv. Det er veldig viktig for meg å kunne vere sjølvstendig og ha noko å gjere i kvardagen.

– Kjenner du deg klar?

– Både ja og nei. Eg er redd for at ting skal falle tilbake i dei gamle spora; det ekstreme gamle. Men det er uansett mitt val kva som skjer, og eg har no ein ryggsekk med verktøy som eg kan bruke når slike situasjonar oppstår, nikkar ho.

19-åringen har rømt før. Dette er første gong helse­personellet ikkje rykker ut.

Det «gamle ekstreme» som Sofie snakkar om, ligg ikkje lenger enn eit år tilbake i tid. Då bestod dagane av sjølvskading og fleire sjølvmordsforsøk, samtidig som ho var ut og inn av institusjonar.

– Eg har framleis mange tankar om at livet ikkje er verdt det, men uansett kor smertefullt det er, vel eg å bli verande. Eg prøvar å akseptere livet slik det er. Eg vil ikkje lenger skade meg sjølv. Før kjentes det ikkje ut som eg hadde eit val, sjølv om det var mitt eige ønske. Det er skummelt, seier ho, medan ho uroleg bevegar på kroppen.

Hos BET får pasientane tilbod om nedtrapping av dei medisinane dei går på når dei startar. Dette har Sofie valt å takke ja til.

Behandlingsmetoden BET er utvikla av spesialpsykolog Didrik Heggdal. I 18 år har han jobba med metoden som er forankra i eit perspektiv der ein ser psykiske lidingar som fobiske tilstandar.Frå år 2000 tok det 12 år før BET vart eit fagutviklingsprosjekt og ytterligare to år før det også vart eit forskingsprosjekt I slutten av februar vart BET ein eigen seksjon under Vestre Viken helseføretak. Dei har no flytta frå Lier til Blakstad og blitt ei eiga avdeling. Vestre Viken har ei toårig vidareutdanning i BET for legar og psykologar. I 2019 startar dei òg ei parallell toårig utdanning for høgskuleutdanna helsepersonell. Andre helseføretak jobbar med å implementere deler av behandlinga i eigne program.

Foto Psykologspesialist Didrik Heggdal pakkar ned kontoret på Lier. Dei flyttar til Blakstad. Her får basal eksponeringsterapi, BET, får ei eiga avdeling. Foto: Camilla Skjær Brugrand

– Det å endre eit system er vanskeleg. Det handlar om å endre ein heil kultur, få med seg folk og jobbe strategisk kvar dag, seier Heggdal.

Han forklarar at mange av dei som har tunge psykiske lidingar ofte prøver å unngå vanskelege indre opplevingar – tankar og kjensler i kroppen. For nokre menneske vert ein bra dag det same som ein dag utan kjensler.

– Det å vere mest mogleg emosjonelt flat, er ein lite ille dag. Men dersom du har det perspektivet – å unngå indre opplevingar, skaper det problem og symptom. Svaret er då eksponering. Det er det motsette av å rømme frå noko, forklarar Heggdal.

Edderkoppskrekk, frykt for heisar og slangefobi er alle psykiske lidingar som vert behandla med eksponering. Først snakkar ein om frykta, deretter vert ein edderkopp plassert i eit glas på terapirommet. Sakte men sikkert nærmar pasienten seg objektet som han eller ho er så redd for. I BET jobbar dei ikkje med ytre fobiar, men terapiforma er den same. Pasientane vert eksponert for eigne kjensler i staden for å aktivt unngå dei.

Pasientane som kjem hit har gjerne samansette, alvorlege psykiske lidingar. Andre institusjonar og helseføretak har gitt dei opp. Ingenting fungerer. Schizofreni, personlegdomsforstyrringar, posttraumatisk stress, tvangslidingar, bipolar og dissosiativ lidingar er vanlege diagnosar hos dei som deltek i programmet.

Foto Det tidlegare administrasjonsbygget ved gamle Lier sjukehus, kor behandlingsprogrammet for basal ­eksponeringsterapi, BET, har vore lokalisert. Foto: Camilla Skjær Brugrand

– Ein indre fobi kan vere at ein kjenner eit ubehag i brystet eller ein klump i magen som fortel deg at du må gjere noko for å redusere det. Sjølvskading, tapping av eige blod og sjølvdestruktive åtferd er handlingar folk gjer for å dempe kjensler og regulere dei, seier Heggdal.

Slike handlingar «fungerer» for å regulere kjensler, og det er difor folk gjer det. Det kan høyres rart ut, men det same gjeld for tvangslidingar der personar må utføre visse handlingar, som å skru av og på lyset 14 gonger før ein går ut av eit rom i frykt for at foreldra elles vil døy. Her har personen ein førestilling og frykt om at dei må gjere noko for å forhindre at noko skal skje.

I samtale med pasientane snakkar Heggdal ofte om ein bestemd situasjon i livet til pasienten der han eller ho gjorde noko dramatisk for å komme seg vekk frå dei innvanderande kjenslene.

– Eg spør gjerne pasienten om vi kan sjå på denne situasjonen saman, på avstand, seier Heggdal og viser til eit døme:

Ein terapeut stiller spørsmålet: «Kva tenkjer du ville ha skjedd dersom du hadde valt å ikkje skade deg sjølv?». Pasienten fortel at det orker ho ikkje tenke på. Likevel oppfordrar terapeuten pasienten til at dei saman kan sjå på situasjonen. Pasienten svarar at ho ville blitt veldig uroleg. «Kva ville du gjort då?» Jo, då ville eg ha byrja å dunke hovudet i veggen.

Før pasientane tek oppgjer med eigne kjensler, må det skapast ein allianse mellom pasienten og terapeut som vert kalla ein «arbeidsallianse». Det er einigheit om kva som skal jobbast med. Det tek tid. Pasientane går i eit behandlingsprogram som varar frå ni til fem kvar dag. Det er ein heiltidsjobb.

Eg prøvar å akseptere livet slik det er. Eg vil ikkje ­lenger skade meg sjølv

Data frå Forsking og fagutviklingsavdelinga i Vestre Viken syner at BET har vore nyttig for 90 prosent av pasientane. Det vil sei at dei fungerer betre i liva sine og har mindre behov for offentlege tenester. Éin av fire har etter ti års sjukdomshistorie eit tilnærma normalt liv, medan halvparten klarar seg utan å bli innlagt igjen. Dei fleste sluttar eller kuttar kraftig ned på medisinbruken.

Men det er enkelte pasientar som deltek i BET som ikkje opplever å bli betre. Ofte kan personalet kan sjå ei betring, men dei ser inga forskjell på åtferdsnivå.

– Psykiske lidingar eksisterar ikkje i eit vakuum. Pasienten lever i eit samfunn der ute i samhandling med fastlegar, helsevesen, kommunal psykisk helse og pårørande. Nokre gonger kan systemet rundt pasientar bidra til å oppretthalde psykiske lidingar, seier Heggdal.

Han fortel at til sommaren vil det kome ny forsking som kan tyde på at det går betre med dei pasientane som blir medisinfrie enn dei som held fram med å bruke psykofarmaka; legemiddel mot psykiske lidingar. Forskinga tek utgangspunktet behandlingsprogrammet BET. I tillegg til eiga forsking, er det fleire studentar ved Universitetet i Oslo som skriver hovudoppgåvene sine med utgangspunkt i BET.

Foto Gå i oppløysing eller eksplodere. Denne frykta kallast eksistensiell katastrofeangst og ein del av behandlinga i BET går ut på å utforske dette saman med pasienten. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Totalt har BET i dag seks plassar i behandlingsprogrammet. I gjennomsnitt er pasientane innlagt i under seks månadar. Akkurat no står 17 namn på venteliste for å ta del i programmet. Ventetida for å delta er på over eit år.

Gå i oppløysing eller eksplodere. Denne frykta kallast eksistensiell katastrofeangst og ein del av behandlinga i BET går ut på å utforske dette saman med pasienten, som opplever at det er sjølve eksistensen som er trua.

BET kan verke skremmande for folk som har unngått ekle tankar og kjensler i mange år. Her vert du konfrontert med dei frå dag ein. Pasienten har haldt frykta på avstand så lenge at det har blitt noko fjernt. Det har blitt «noko» som er farleg. I behandlinga finn ein ut kva pasienten flyktar frå og jobbar med eksponering mot det. Saman utforskar pasient og terapeut kva som ville skjedd dersom pasienten ikkje ville ha skada seg. Det dei då endar opp med, er ei frykt for å bli sitjande fast i ei evig smerte som pasienten aldri kjem seg ut av.

– Det er ikkje ei frykt for å dø. Pasienten tenkjer ofte at det er betre å dø enn å bli sitjande fast i evig smerte, forklarar Heggdal.

Foto Leiar for Skansen ­Aktivitet, Regina ­Steinberger, trur ikkje nødvendigvis det berre er på grunn av trening dei tilbyr at folk kjenner seg betre, men at dei innser at dei må ta ansvar for eige liv. Foto: Linkedin

Psykologspesialist og president i Norsk Psykologforening, Tor Levin Hofgaard, fortel i ein e-post at BET har skapt ein «liten revolusjon i psykisk helsevern», og er noko som bør verte tatt i bruk fleire stader i landet.

– Programmet fangar opp og rettar seg mot pasientar kor samhandlinga med helsevesenet ikkje fungerer. Det kan nyttast uavhengig av diagnosen til pasienten og er eit tilbod til pasientar med lågt funksjonsnivå. Slikt sett hjelper BET «dei umoglege» ved å gi eit systematisk tilbod som pasientane ikkje får noko anna stad. Det at tilbodet kan verte gitt innan medisinfrie rammer for dei som ønsker det, er òg eit stort pluss, skriv Hofgaard.

Foto Psykologspesialist og president i Norsk Psykologforening, Tor Levin Hofgaard, meiner at basal eksponeringsterapi, BET, har skapt ein «liten revolusjon i psykisk helsevern». Foto: Norsk Psykologforening

Professor og overlege i psykiatri ved Universitetet i Oslo, Jan Ivar Røssberg, let seg derimot ikkje overtyda like lett. Han forklarar at BET er ei av mange miljøterapeutiske tilnærmingar vi brukar i Noreg. Han seier det er ei spennande tilnærming til dei pasientane som har vore vanskelig å behandle med korte innleggingar og som ofte har blitt møtt med eit kanskje fragmentert poliklinisk opplegg. Det at pasientar gjennom BET får tilbod om ei lengre innlegging med mange gode psykososiale tiltak for å stabilisere situasjonen og bruke minst mogleg medisinar, meiner overlegen høyres fornuftig og nødvendig ut. Men – om det er noko spesielt med denne metoden samanlikna med andre, meir anerkjente metodar som for eksempel kognitiv miljøterapi, meiner han at det ikkje enno noko grunnlag for å hevde.

BET har skapt ein liten ­revolusjon i psykisk helsevern

– Når nokre kallar ein ny metode revolusjonerande, burde det lyse mange varselsignal. I det augneblikket det kjem negative resultat, har vi hatt en tendens til å kaste alt vi har lært ut med badevatnet. No blir BET omfamna i Vestre Viken, men det kjem ikkje til å virke for alt og alle, så kan det ende opp med at vi forkastar det like fort som dei rakk å bli begeistra for metoden. Det er ikkje noko som tyder på at dette er en revolusjonerande behandling, seier Røssberg.

Foto – Vi godtar ofte kritikk­laust nye behandlings­metodar, seier Jan Ivar Røssberg, professor og overlege i psykiatri ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Historia om psykiske lidingar er stappfull av metodar som er lansert med brask og bram som «revolusjonerande». Etter nærmare undersøkingar viser det seg vel oftast at dei ikkje verkar mykje betre enn dei metodane vi allereie har, hevdar Røssberg. Ofte kan dei også fungere dårlegare med ikkje ubetydelige negative effektar for pasientane.

Professoren tek til orde for at metodar må evaluerast kritisk før dei vert tekne i bruk. I dag har vi mellom 400 og 500 ulike psykoterapeutiske tilnærmingar.

Å fokusere på ressursane til pasienten i staden for å sjå på ho eller han som skada eller noko som er øydelagt, synest han er eit godt perspektiv. Det er nettopp det god psykoterapi og psykososiale behandlingar handlar om.

– Ved lange opphald på institusjonar kan i stor grad ansvarliggjering være vaksinen mot det vi tidlegare kalla institusjonalisering. Lange sjukehusopphald med mange tilsette kan bidra til at pasientane vert lite aktive. Det å engasjere og involvere personer som er innlagt på psykiatriske sjukehuspostar i behandlinga og daglige aktiviteter veit vi frå mange vitskaplege studiar at er viktig.

Foto Fysisk aktivitet som alternativ behandling for psykisk sjuke har vore hjartesaken til professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo, Egil W. Martinsen. Foto: UiO

Jan Ivar Røssberg har sidan tidleg 2000-talet undersøkt mellom 70 og 80 psykiatriske sjukehuspostar i Noreg. Dei undersøkingane viser, i likskap med internasjonal forsking, at ein av dei viktigaste faktorane for betring er det han kallar atmosfæren på sjukehusposten. På sjukehuspostar bør atmosfæren i størst mogleg grad vere prega av et lite nivå av sinne og aggresjon samt eit høgt nivå av orden og struktur. Viktig er det også at postane engasjerer og involverer pasientane samt gir mykje støtte.

– Kva behandlingar er det som faktisk fungerer?

Røssberg svarar at for pasientar med ulike psykoselidingar veit ein at samtaleterapi kan gi en god effekt.

– Kognitiv åtferdsterapi er den samtaleterapien som er best og grundigast undersøkt hos desse pasientane. Ved innleggingar bør pasientane verte møtt med aktiv miljøterapi som involverer pasientane i behandlinga og som klarer å møte den enkelte pasient der dei er. For personar som er ramma av en psykoseliding er det også viktig å involvere dei næraste. Av medisinar er det viktig at dei får minst mogleg dose med maks effekt. Jo meir ein dreg med familien, jo betre miljøterapi ein har og jo meir samtaleterapi ein har, desto mindre medisinar treng ein. Då kjem pasientar inn i ein positiv sirkel, seier Røssberg.

Foto Brukarane til Skansen Aktivitet i Ålesund brukar trening for å få meir struktur på kvardagen. Foto: Skansen Aktivitet

Ein har enno ikkje funne ei behandlingstilnærming som fungerer for alle, og Røssberg åtvarar om at ein må vere på vakt overfor populære behandlingstrendar som lovar meir enn det er grunnlag for.

– Vi har ein lang historie med at vi ofte kritikklaust godtar nye behandlingsmetodar, og når det kjem modererande studiar, forkastar vi dei like kritikklaust. Men ingen av metodane i dagens psykiske helsevesen verkar for alt og alle.

Frå tiårsalderen var sjølvskading noko Sofie ubevisst dreiv med. Ho var 13 år før ho sjølv forstod kva det innebar. Oppveksten hennar var kompleks og traumatisk. Sjølv kan ho aldri hugse å ha «hatt det bra» over ein lenger periode som barn. Då Sofie bikka 14 år, eskalerte dei sjølvpåførte skadane og ho vart innlagt for første gong.

– Tilværet var utfordrande og eg viste ikkje korleis eg skulle handtere ting. Eg trengte å få kontroll i livet, forklarar ho.

Sjølv om ho har på seg ein langerma genser, kan ein tydeleg sjå arra som strekkjer seg langs armen hennar. Behovet for kontroll som Sofie hadde, tok også form i matinntaket hennar. Det var ein konstant kamp om å rømme frå kjenslene. Ho ville ikkje å ha noko som helst med dei å gjere.

Ingen av metodane i dagens psykiske helsevesen verkar for alt og alle

Sofie har gått til kommunepsykolog sidan ho var sju år gammal, og har vore i psykisk helsevern sidan ho var ti år. Akkurat det med diagnosar synest ho er vanskeleg. Det har vore mange og ulike diagnosar på fleire av stadene ho har vore innlagt. Av dei mange ulike legane har ho blant anna fått diagnosane emosjonell ustabil, personlegdomsforstyrring og dissosiativ liding, altså ein person med samansette psykiske lidingar.

– Det fine med BET er at dei ikkje bryr seg eller heng seg opp i diagnose-prat. Dei ser deg som ein heil person.

Det finnest i dag mange tilbod til psykisk sjuke som byggjer på prinsippet om mindre medisin og meir ansvar. Å gi den psykisk sjuke ansvar, er sentralt i BET. Nokre av pasientane deira har vore i psykisk helsevern halve livet, og vert kalla marginaliserte pasientar.

Foto På Skansen Aktivitet i Ålesund tek personar som slit med psykiske vanskar i bruk trening og aktivitet. Foto: Skansen Aktivitet

– Ressursane til pasienten vert demobiliserte og liggjande brakk. Dei er inne i eit system som prøver å regulere og kontrollere dei i staden for å mobilisere dei. Vårt mål er å snu denne prosessen. Vi let ansvaret ligge hos pasienten, men vi ansvarliggjer ikkje, seier Didrik Heggdal.

BET er eit intensivt behandlingsprogram. I den andre enden av skalaen finn vi Skansen Aktivitet i Ålesund, eit medikamentfritt lågterskeltilbod for menneske med psykiske lidingar. Her er målet at deltakarane skal ha ein meiningsfull og verdig kvardag gjennom ein kombinasjon av aktivitetar og ansvar. Aktivitetane spenner fra handverk og matlaging til fotballtrening og fjellturar. Dei som nyttar seg av tilbodet har kroniske psykiske lidingar, og nokre slit med rusproblem og har ulike typar funksjonshemmingar. Fleire som har fått beskjed frå spesialhelsetenesta om at det ikkje var meir hjelp og få, har kjent seg betre etter å ha vore med på aktivitetar, fortel leiaren for Skansen Aktivitet, Regina Steinberger. Ho trur ikkje nødvendigvis det berre er på grunn av treninga at folk kjenner seg betre, men at dei har innsett at dei må ta ansvar for eige liv.

– Sjølve treninga har ein positiv effekt med å setje seg mål og skape seg ein rutine og struktur på kvardagen, noko som i seg sjølv er helsefremmande, seier Steinberger, og legg til at samhaldet, det breie aktivitetstilbodet og mestring gjer at folk kjenner seg betre. Ho viser til at medisinane i psykiatrien ikkje kurerar, dei dempar berre symptoma. Steinberger meiner at den beste hjelpen ein kan gi nokon som sliter psykisk, er å la dei bestemme over seg sjølv.

Foto – Samhandling, det breie aktivitetstilbodet og mestring gjer at folk kjenner seg betre, seier Regina Steinberger, leiar for Skansen Aktivitet i Ålesund. Foto: Skansen aktivitet

– Det er fundamentalt at alle skal ta ansvar for eige liv. Alle har ei evna til å mestre sitt eige liv, seier Steinberger.

Fysisk aktivitet som alternativ behandling for psykisk sjuke har vore hjartesaken til professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo, Egil W. Martinsen. I oktober 2000 publiserte han forskingsartikkelen «Fysisk aktivitet for sinnets helse» i Tidsskriftet for den norske legeforeningen. Her går det fram at effekten av fysisk aktivitet er godt dokumentert ved milde til moderate former for depresjon. Martinsen peikar på at det òg kan vere nyttig ved panikkliding, generalisert angstliding, schizofreni, konversjonslidingar, kroniske smertetilstander og alkoholisme.

– Ein aktivitet kan påverke både angst og depresjon og er eit alternativ til medisinbehandling i samhandling med samtaleterapi. I eit medikamentfritt tilbod vil trening alltid vere eit viktig tiltak som pasientar kan gjere sjølv, seier han.

Personen må sjølv bidra i behandlinga og gjere noko aktivt. Dersom ein er trøytt, lei og sliten, men likevel klarar å gå seg ein tur eller gjere noko aktivt, får ein det betre. Ved å setje i gong med aktivitetar og trening oppdagar ein gjerne at ein kan forandra ting i livet med eigen innsats. Du er ikkje lenger prisgitt depresjonen din. Du lærer at du kan påverka korleis du tenkjer og føler ut i frå kva du gjer. Det er ein viktig erfaring

Foto Terapeut og forskar ­Anita Johanna ­Tørmoen har leia ein studie på dialektisk åtferdsterapi, DBT, som skulle bli den første i sitt slag i verda. Foto: Øystein Horgmo, UiO

– Mange som slit psykisk trekkjer seg ofte tilbake og vert passive for å beskytta seg sjølv mot kritikk. Du unngår å sette deg sjølv i situasjonar som kan utløyse angsten. Dette kan hjelpe på kort sikt med å dempe plagene, men på langt sikt kan det gjere at plagene vedvarar. Du mistar også sjansen til å oppleve at dei situasjonane som skapar angst ikkje er farlege, berre ubehagelege, forklarar Martinsen, som understrekar at fysisk aktivitet ikkje kan erstatte medisinar i alle samanhengar.

– I medisindebatten er det usemje rundt kor lenge og i kor store dosar ein skal nytta medikament i behandling av psykisk sjuke. Nokre burde kanskje slutte og sjå korleis det er utan medisinar. Medisinar verkar mot angst og depresjon, men ein kan i mange tilfeller også oppnå det same resultatet med aktivitet og trening, hevdar professoren.

På oppdrag av Helsedirektoratet starta Nasjonalt senter for selvmordsforskning og – forebygging for ti år sidan arbeidet med å finne metodar som kunne ha effekt i behandling ved suicidalitet – spesielt for ungdommar og unge vaksne som sleit med sjølvskading og sjølvmordsforsøk.

Ein av metodane som skilte seg ut var dialektisk åtferdsterapi (DBT). Senteret starta på ein studie som terapeut og forskar Anita Johanna Tørmoen disputerte på i fjor. Studien er den første i sitt slag i verda og viser at 80 prosent av ungdommar som sleit med sjølvskading fekk effektiv hjelp etter 19 veker med DBT-behandling.

Ein aktivitet kan påverke både angst og depresjon, og er eit alternativ til medisin­behandling i samhandling med ­samtaleterapi

– For mange kan det å skada seg sjølv ha utvikla seg til å bli eit ganske fast mønster. Det var ekstremt rørande og flott å høyre tilbakemeldingar frå foreldre om korleis det var å vere saman med ungdommane sine i ei gruppe og korleis aktuelle problem kan løysast på andre måtar. Den raske betringa som mange opplevde var ganske overraskande. Fellesnemnaren var at mange fekk hjelp til å handtere overveldande kjensler på andre måtar, fortel ho.

Tørmoen fortel at på verdensbasis er DBT rekna som «gullstandarden» for behandling av vaksne med ustabil personlegdomsproblem og suicidalitet.

Metoden handlar om å akseptere ting som dei er. Mindfullnes, oppmerksomt nærvær, er ein viktig del av behandlinga. Ein må leggje merke til kva for kjensler ein har og etterpå bestemme seg for å gjere noko eller reagere på dei kjenslene. Ein lærer korsleis ein kjem seg gjennom kriser utan å gjere det verre for seg sjølv og korleis ein lever med vanskelege kjensler. Pasientane jobbar med motivasjon, innsikt og forståing rundt problem og set av eit par timar kvar veke til å gå gjennom ulike ferdigheiter.

Foto Klinisk barneverns­pedagog for ­Sykehuset Innlandet Ellen ­Rasmussen fekk grønt lys frå leiinga til å ta i bruk dialektisk åtferds­terapi (DBT) i møte med ungdommar. Foto: privat

Inger Rasmussen er ei av dei som har vore med på å implementere DBT på norske helseinstitusjonar. Ho er klinisk barnevernspedagog, teamleder i DBT på Sykehuset Innlandet og fortel om dei positive resultata:

– Vi ser at ungdommane som går på DBT ikkje sjølvskadar lenger eller prøver å ta livet sitt etter 20 veker i dette programmet. Det har sjølvsagt vore nokre tilbakefall, men det har ikkje vore så alvorlege, seier Inger Rasmussen.

I dag finnes det 25 DBT-team rundt omkring i Noreg, frå Alta i nord til Arendal i sør. Kvart team har gjerne mellom fem og åtte terapeutar. Til saman er det utdanna 300 DBT-terapeutar frå utdanningsprogrammet som er i regi av NSSF.

Tidlegare opplevde Rasmussen at pasientane berre vart dårlegare, spesielt etter at dei var innlagt på institusjon. Mange uttrykte eit ønskje om å dø eller om å skade seg sjølv.

– Vi følte at vi gjorde ein dårleg jobb. Tilsette var redde, fortvila og urolege. Det dårlege samvitet kom snikande på. Dette gjekk ikkje an, noko måtte jo fungere, seier Rasmussen, som føreslo DBT til leiinga og fekk tommel opp. No fekk terapeutane nokre konkrete, etterlengta verktøy.

Med DBT lærer ungdommane metodar dei kan bruke i gitte situasjonar. Det kan vere alt frå å skrive dagbok til å ha rollespel saman med foreldra. I tillegg har ungdommane individuell terapi kor ein jobbar meir konkret. Som med BET, går pasientane gjennom ein forpliktelsefase saman med terapeutane før dei startar sjølve behandlinga. For å ta del i DBT-behandling må ungdommen også ha ein rimeleg stabil omsorgsbase rundt seg.

Vi må lære dei andre ­måtar å takle livet på

– Ungdommane forstår at dei må jobbe sjølv og at dei ikkje vert betre dersom dei ikkje gjer noko annleis. Vi tenker på ungdommane som oppegåande menneske med ressursar i ein vanskeleg livssituasjon. Vi må lære dei andre måtar å takle livet på, fortel Rasmussen.

No skal DBT implementerast i for heile Innlandet.

Tilbake i Lier fortel Sofie at sjølv om ansvaret for eige liv vert lagt i pasientane sine hender i BET, så står dei ikkje åleine.

– Eg er trygg på at dei er her for meg medan eg er ein del av behandlinga. Eg står ikkje i det åleine. Eg kjenner meg trygg på dei som jobbar her, nokon meir enn andre så klart, men slik er livet. Nokon stolar ein på meir enn andre. Men eg føler at eg aldri har blitt forstått betre enn her på BET.

I starta av opphaldet hadde ho eit ambivalent forhold til behandlinga. Ho brydde seg ikkje. Då ho innsåg at ho sjølv måtte ta tak og be om hjelp frå teamet som stod klar, endra alt seg.

– Det er eg sjølv som må gjere jobben, men teamet er der som ei støtte heile vegen. Denne behandlinga har vore rett for meg. Å lære at kjensler ikkje er farleg, sjølv om kroppen reagerer som om dei er farlege, har vore viktig. Kroppen går i forsvar som om verdens verste katastrofe er innanfor rekkevidde.

Dei har vore i eit system som prøver å regulere og ­kontrollere dei i staden for å mobilisere dei

Tvangsinnleggingar, belteleggingar, mykje halding og tvangsmedisinering var Sofies første møte med vaksenlivet.

– Det var ein lege som gav meg meir medisinar enn det som var forsvarleg å ta når du er 16 år. På det meste sov eg 20 timar om dagen og tok opp til 10 medikament dagleg.

På eit tidspunkt vart ho definert som «for ustabil». Alle behandlingsopplegg hadde gitt ho opp. Det var ingen som viste kva dei skulle gjere med ho. Men i februar 2017 kom ho til Lier og BET. Det var ei tid Sofie definerer som «den verste tida i livet hennar».

– Eg hadde eigentleg ikkje lyst på behandling. Mitt einaste ønskje var å døy. Eg hugsar så godt den første samtalen eg hadde her på BET. Då bestemte eg meg for ikkje å sei noko som helst. Men Didrik fekk meg til å fortelje. Samtalen gjekk ikkje bra og eg lova meg sjølv at hit skulle eg aldri igjen. Det skjer ikkje. Opplegget kjentes for skummelt.

Sommaren som følgde var kaotisk. Sofie var inn og ut av institusjonar. I september møtte ho uansett opp på behandlingssenteret i Lier etter å ha frivillig sagt ja til å delta på programmet.

Heggdal forklarte Sofie at i dette programmet fekk pasientane så mykje fridom som dei ville og at det var ingen tilsyn på dagtid. Dette var ein stor overgang for Sofie som fram til då hadde levd under eit strengt regime. I løpet av den første veka, rømte ho. Til Lierbyen. Det var då BET-teamet sa nei til å hente henne då ho angra.

Foto Sofie er på veg til samtaleterapi. Då Plot møter henne, er den den siste veka hennar i BET-programmet. Foto: Camilla Skjær Brugrand

– Det var så uvant, men det var heilt greitt. Det var berre ti minutt å gå, men eg var redd for å sovne på vegen. Då eg kom tilbake, fekk eg kjensla av å få til noko sjølv – utan full utrykking. Det kjentes godt å ta ansvar for mitt eige liv og være sjølvstendig. Det er slik det skal vere. Ansvaret var skummelt, men eg likte det. Når du er vant til å alltid bli passa på, og det plutseleg forsvinn, tenker du plutseleg på kva som no vil skje dersom eg gjer noko farleg og ingen oppdagar det. Eg ønskja dei same moglegheitene som alle andre 19-åringar.

Hos BET er det ingen kontroll. Einaste unntak er om det er fare for liv og helse. Då må personalet gripe inn.

– Det er anten fullstendig fridom eller nødvendig sikring av liv og helse. Det er ingen mellomting. Vi kontrollerer ikkje litt. I ein gitt situasjon må vi sei til pasienten at dei ikkje får sleppe ut. Då må vi sette foten ned, seier Didrik Heggdal.

Slike situasjonar har oppstått, men personalet går ikkje inn på pasientrom og sjekkar om pasienten skadar seg sjølv. Det har dei ingen kontroll på. Likevel er det fram til no ingen som har teke sitt eige liv under BET-behandlinga. Dette er statistisk usannsynleg, ifølge Heggdal, som anslår at det mest sannsynlege skulle vore fire til fem sjølvmord på avdelinga.

– Kvifor trur du det ikkje har skjedd?

– Vi vektlegg det å sjå menneske, vere i dialog og samarbeide. Vi sit ikkje å planlegg noko utan å involvere pasienten. Pasienten styrer sjølv si eiga behandling. Folk som lider treng å bli sett. Dei treng ikkje at nokon kjem inn og tek kontroll. Det berre aukar desperasjonen og faren for dramatiske handlingar.

Livet kjem framleis til å være vanskelig veldig lenge, men eg trur eg vil handtere ting annleis enn før

Sofie trappa ned på medisinbruken då ho på BET fekk spørsmål om det. Pasientane som deltek i BET kan velge eit medisinfritt tilbod eller ikkje. Dersom dei vel medisinfritt, samarbeider dei om ei forsvarleg nedtrapping; langsamt og systematisk.

– Målsetjinga er ikkje eit absolutt medisinfritt tilvære, men at vi skal i den retninga. Det ser ut som om dei pasientane som er i ein nedtrappingsprosess og held fram med nedtrappinga i samråd med polioklinikkar, kan jobba seg fram til eit liv utan medisinar over tid, seier Heggdal, som meiner at for mykje medisinering er tråd med pasientens prosjekt om å unngå indre opplevingar. Poenget med BET er å ikkje unngå negative kjensler, men å opne for ein anna veg å gå; å forholde seg til desse kjenslene.

Sofie fortel at ho enno ikkje er heilt ferdig med nedtrappinga, men nesten.

– Eg er ikkje langt unna. Det har vore vanskeleg, men å trappe ned på medisinar medan ein er i behandling er ein veldig positiv ting. Du kan vere deg sjølv 100 prosent og lære og takle den du er som person ved å ikkje gå på så mykje medisinar.

Målet til Sofie var å verte medisinfri. I løpet av opphaldet har ho riktignok starta på nokre nye medisinar, og ho har forstått at det er nokre av dei ho enno ikkje kan slutte med. Det er medisinar som ho tek for å få sove.

Medan Sofie trappar ned på sin medisinbruk, viser tal frå reseptregisteret at den aldersgruppa som har auka bruken av antidepressiva mest i perioden 2004-2015, er jenter mellom 15 og 19 år. Jentene utgjer i dag 1,4 prosent av dei totale 329.000 brukarane av antidepressiva i Noreg.

Didrik Heggdal meiner medisinar er ei fantastisk oppfinning som gjer at vi kan regulere noko som vi kan ha nytte av ved å ta ei pille. Det han har problem med, er måten medisinar vert brukt i psykisk helsevern, samt innflytelsen frå medisinindustrien på forståinga av psykiske lidingar.

– Eg er ikkje imot medisinar, men det handlar om forsvarleg og riktig bruk av medikament.

Sofie er snart ferdig hos BET.Planen er å starte på skulen til hausten for å ta opp vidaregåande. Tidlegare har ho ikkje hatt krefter til å gå på skule.

– Livet kjem framleis til å vere vanskeleg og smertefullt veldig lenge, kanskje til og med resten av livet. Men eg trur eg vil handtere ting annleis enn før, seier Sofie medan ho tek på seg den svarte vinterjakka..Om få minuttar har no ein time med terapeuten sin.

Ute av behandling skal Sofie gå til distriktspsykiatrisk senter. Det vil sei at eit team frå poliklinikk vil være tilgjengeleg for henne.

– Familien min er veldig støttande, spesielt faren min og stemora mi. Eg har nokre venner som stiller opp og eg brukar familien min for alt dei er verdt, seier Sofie med eit smil om munnen medan ho trekk hetta over hovudet i vinterkulda. Deretter ruslar ho ned den snøkvite bakken frå administrasjonsbygget og over til murbygninga kor ho har budd dei siste fem månadane.

Medan Sofie går inn i ein ny fase, registrerer Didrik Heggdal at haldningane til det han og kollegaene i BET driv med er i ferd med å endre seg.

– For 20 år sidan var det mykje vanskelegare. No byrjar tendensane i tida å påverke psykisk helsevern, kommunehelsetenesta og fastlegar. Heile systemet vert påverka og kan medverke til ressursmobilisering. Det vert mindre kontroll. Det er tidsanden.

Powered by Labrador CMS