Samfunn

Illustrasjonsfoto.

Brukarar av kommunale omsorgstenester aukar

Likevel leverer kommunane færre institusjonstenester og fleire heimetenester over tid.

Publisert Sist oppdatert

Det blir stadig fleire som bruker ein eller fleire omsorgstenester i kommunane, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dei førebelse tala for 2017 viser at det var om lag 283.000 brukarar av ein eller fleire ulike kommunale omsorgstenester per 31. desember 2017, medan det var i overkant av 360.000 brukarar totalt i løpet av heile året.

Det er stadig ein nedgang i talet på vedtak om langtidsopphald og ulike korttidsopphald i institusjon i den kommunale omsorgstenesta.

Dei førebelse tala for 2017 viser at det totalt var i underkant av 46.000 vedtak om institusjonstenester i kommunane per 31. desember 2017, og av desse var godt under 33.000 langtidsopphald i institusjon (sjukeheim).

Flest brukar heimetenester

Det er ein auke i talet på forskjellige heimetenester som er vedteke i kommunane.

Dei førebelse tala for 2017 viser at det totalt var i underkant av 300.000 vedtak om heimetenester per 31. desember 2017 (ein brukar kan ha fleire tenester samstundes), og av desse var om lag 155.000 helsetenester i heimen (tidlegare heimesjukepleie).

Når det gjeld praktisk hjelp i alt, har utviklinga gått den motsette veg. Her meiner SSB det likevel er grunn til å nyansere biletet litt:

Medan det har vore ein nedgang i vedtak om praktisk hjelp – daglege gjeremål frå 2009 til 2017, har vedtak om både praktisk hjelp – opplæring daglege gjeremål og praktisk hjelp – brukarstyrt personleg assistanse auka litt i perioden.

Powered by Labrador CMS