Samfunn

Illustrasjonsfoto.

Fleire med innvandrarbakgrunn i barnevernet enn norskfødde

8700 innvandrarar og 6850 norskfødde med innvandrarforeldre fekk hjelp frå barnevernet i løpet av 2017.

Publisert Sist oppdatert

Av dei som fekk tiltak i fjor hadde 28 prosent innvandrarbakgrunn, viser tall frå Statstisk sentralbyrå.

I 2013 var det 24 prosent innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med ulike typar tiltak frå barnevernet. Både talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som får tiltak, har auka desse fem åra.

Likevel har samansetninga av dei med innvandrarbakgrunn endra seg noko. Og til tross for flyktningstraumen hausten 2015 har prosentdelen norskfødde med innvandrarforeldre med barnevernstiltak auka frå 42 til 44, og delen innvandrarar har gått tilsvarande ned.

Noko av forklaringa kan vere knytt til den ulike alderssamansetninga mellom innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Fleire med tiltak enn folketalet tilseier

Det var fleire barn og unge i alderen 0-22 år med innvandrarbakgrunn som fekk tiltak frå barnevernet enn delen dei utgjer av befolkninga.

Medan 18 prosent av barn og unge i Noreg i alderen 0-22 år hadde innvandrarbakgrunn per 1. januar i år, fekk 28 prosent i den same gruppa tiltak frå barnevernet i løpet av 2017.

Blant innvandrarar er det meir vanleg å få tiltak frå barnevernet enn blant norskfødde med innvandrarforeldre. Det er òg vanlegare enn hjå dei utan innvandrarbakgrunn. Det er store skilnader.

For medan 54 per 1000 innvandrarar under 23 år fekk tiltak på slutten av 2017, var talet 32 norskfødde med innvandrarforeldre og 24 per 1000 utan innvandrarbakgrunn med tiltak.

Meir bekymringsmeldingar

Det er stor skilnad mellom innvandrarar frå Asia og Afrika, der 75 per 1000 fekk tiltak, og innvandrarar frå EU der 20 per 1000 fekk slik hjelp i 2017.

Også blant norskfødde med innvandrarforeldre er denne skilnaden stor med 37 med tiltak per 1000 barn og unge med foreldre frå Asia, Afrika etc. og 13 per 1 000 med foreldre frå EU.

Også for meldingar til barnevernet og undersøkingar som vart konkluderte har prosentdelen med innvandrarbakgrunn auka dei siste fem åra.

Frå 23 prosent av meldingane i 2013 til 28 prosent i 2017, og frå 24 til 29 prosent blant undersøkingane som vart konkluderte i 2017 hadde innvandrarbakgrunn.

Powered by Labrador CMS