Annonse
To sykepleiere kledd i smittevernutstyr går for å ta i mot en pasient med covid-symptomer på akuttmottaket på Ahus på Lørenskog i Viken. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Synspunkt

Å arbeide med menneske kan vere tøft for helsa

Ragnhild Lied er leiar i UNIO.

SYNSPUNKT. I direkte møte mellom lærar og elev, sjukepleiar og pasient eller NAV og klient, møter arbeidstakaren emosjonelle utfordringar der det ofte ikkje finst oppskrifter på korleis ulike situasjonar skal handterast.

Arbeidstakarar som ofte opplever ein ubalanse mellom eigne kjensler og dei kjenslene som dei må vise i møte med menneske, har større risiko for å bli emosjonelt utmatta. Forsking viser at dei har ein høgare risiko for å bli sjukmelde og falle tidleg ut av arbeidslivet.

Dei emosjonelle krava, som særleg mange av dei som jobbar i offentleg sektor møter i sitt daglege virke, er ein viktig del av det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet.

Innanfor IA-avtalen har partane i arbeidslivet valt ut sju bransjar der det er sett i gang målretta arbeidsmiljøtiltak for å redusere sjukefråvær og fråfall. I følgje Statens arbeidsmiljøinstitutt har talet på dei som rapportere om enkelte psykososiale arbeidsmiljøfaktorar auka i fleire av desse næringane den siste tiårs perioden. Fleire opplever at dei er psykisk utmatta etter jobb, og utviklinga indikerer også ein auke i førekomsten av arbeidsrelaterte psykiske plager.

Dette blir underbygt i ei nasjonal overvaking av arbeidsmiljøet der 19 prosent oppgir i 2019 at dei opplever høge emosjonelle krav i jobben.Dette talet har auka sidan 2013. Emosjonelle krav er langt meir utbredd blant kvinner (23%), enn menn (10%).

Det kjem difor ikkje som ei stor overrasking at dei psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøutfordringane er blant hovudårsaken til sjukefråværet i Norge.

I Aftenposten, 2.november, 2021 beskriv sjukepleiar Maria Fallsen korleis ho opplever den konkrete arbeidskvardagen sin. Det handlar om ulike forventningar, krevjande prioriteringar mellom ein pasient ho ikkje visste om ville overleve og andre sjuke og engsteleg pasientar. Denne pasienten overlevde, men ho kjende inga glede. Ho gjekk heim frå jobb med ei dårleg kjensle på grunn av dei som ikkje fekk nødvendig hjelp i denne situasjonen. Ho har vore sjukepleiar i eitt år, og no er ho sliten – av å beklage. Å beklage at ho ikkje klarer å handtere alle oppgåvene – samtidig.

For mange handlar arbeidsdagen om opplevinga av å stå overfor motstridande forventningar til jobben som skal utførast. Det kan vere ulike forventningar til kva for mål dei skal nå, kva oppgåver som skal prioriterast, eller kva  kvalitet det skal vere på arbeidet som skal utførast. Dette gjeld spesielt når det er for lite ressursar til å løyse arbeidsoppgåvene på ein fagleg tilfredsstillande måte.

Over tid tærer dette på, og store grupper av arbeidstakarar fell ut av arbeidslivet alt for tidleg. Eit konkret eksempel er sjukepleiarane som har ein gjennomsnittleg avgangsalder på 57 år.  

Norsk arbeidsliv har eit betydeleg potensial når det gjeld førebygging og forbetring av arbeidsmiljøet på arbeidsplassane. Det er dokumentert at dei organisatoriske og psykososiale forholda påverkar arbeidshelsa og sjukefråværet og at dei slår ulikt ut for ulike yrkesgrupper. Vi treng eit HMS-regime som betre fangar opp dei belastningar som dei som jobbar for og med menneske blir utsett for kvar dag.

Det finst til dømes ikkje ei eiga arbeidsmiljøforskrift om psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøutfordringar. Det har dei klart å få på plass i nabolanda våre, Danmark og Sverige.

Med tanke på at arbeidsmiljøet i Norge er blant det beste i heile verda, er det på høg tid med ein forbetra arbeidsmiljøstandard på dette området også her til lands. Det vil være eit viktig bidrag for å sikra eit bærekraftig arbeidsliv der flest mogleg kan kome i jobb og færrast mogleg faller ut.

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse
Annonse

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse