MISSER INNTEKT: Den svenske sjukelønnsordninga skil seg frå den norske ved at arbeidstakarar misser inntekt straks dei blir sjuke, skriv Ragnhild Lied.

Foto

iStock/Christian Horz

Synspunkt

Ei framtidsretta sjukelønnsordning

Publisert: 1. mars 2021 kl 08.42
Oppdatert: 1. mars 2021 kl 09.09

Raghild Lied er leder i Unio.

SYNSPUNKTDet skriv velferd.no. Den norske sjukelønnsordninga har vore eit viktig element i kampen mot koronapandemien.

Den svenske sjukelønnsordninga skil seg frå den norske ved at arbeidstakarar misser inntekt straks dei blir sjuke. Medan nordmenn får hundre prosent lønnsdekking, får svenskane berre utbetalt om lag 80 prosent av det dei har i lønn. Det er ein dårleg ide å ha ei ordning som får sjuke og smittefarlege menneske til å gå på jobb.

Koronakrisa førte til at svenske styresmakter relativt raskt innsåg dette, og utbetalar no full lønn under sjukdom frå dag ein, inntil vidare.

Samanlikna med dei fleste andre land, har norske styresmakter i stor grad lukkast i å avgrense utbreiing av koronaviruset. Påbod og råd har blitt møtt med forståing frå folk flest. Noko av forklaringa ligg nok i at ei rekkje tiltak og ordningar har vore drøfta med partane i arbeidslivet, som har stilt seg bak hovudstrategien.

Rett nok møtte forslaget frå regjeringa om eit mogleg portforbod  stor motstand. Dette illustrerer at ein skal vere forsiktig med å innføre tvangstiltak i eit tillitsbasert samfunn som Noreg. Tillit må forvaltast med klokskap. Difor er det bra at det forslaget no er lagt bort.

Eit viktig element i modellen er at full lønn under sjukdom skal stå fast

Saken fortsetter under annonsen

Den norske samarbeidsmodellen, med to- og trepartssamarbeid, har vore sentral i møte med krevjande pandemiutfordringar. Det gjeld også samarbeidet for å halde samfunnskritiske funksjonar i gang gjennom krisa. For å få til nye løysingar på kort tid, har det vore nødvendig med raske endringar i lov- og avtaleverk. Partane har medverka konstruktivt til løysingar og oppslutnad både sentralt og lokalt.

Dette er teikn på eit samfunn med god stabilitet og høg tillit. Dette kjem ikkje av seg sjølv.  Vi ser ofte at i land med svak organisasjonsgrad er risikoen for instabilitet større og tilliten svakare.

Den norske modellen er tufta på sterke organisasjonar med høg organisasjonsgrad på begge sider av arbeidslivet. Det må vi bygge vidare på.

Den norske sjukelønnsordninga er forankra i trepartssamarbeidet. Dette låg også til grunn då Sysselsettingsutvalet leverte rapporten sin for nokre veker sidan. Eit stort fleirtal i utvalet har foreslått å greie ut ein modell for ei justert og framtidsretta sjukelønnsordning.

Rett nok har LO og Virke tatt dissens til dette forslaget. Sentrale element er medverknad, oppfølging og forskyving av arbeidsgivars finansieringsansvar. Det inneber at arbeidsgjevarane får mindre utgifter til korttidsfråværet og meir av rekninga for langtidsfråværet. Samstundes skal den sjukmelde si plikt til å medverke aktivt i prosessen synleggjerast og forsterkast. Og det skal bli betre dialog mellom den sjukmeldte, arbeidsgjevar, sjukmeldar og NAV i oppfølginga. Eit viktig element i modellen er at full lønn under sjukdom skal stå fast.

Forslaget frå Sysselsettingsutvalet må sjåast i samanheng med dagens IA-avtale, der det blir lagt opp til særskilt innsats for å redusere langtidsfråværet. Avtalen legg dessutan stor vekt på at arbeidsplassen skal stå i sentrum både når det gjeld å skape eit godt arbeidsmiljø og å utvikle eit systematisk sjukefråværsarbeid.  

Samstundes slår avtalen fast at den norske arbeidslivsmodellen har gitt gode resultat for sysselsetting, produktivitet, omstillingsevne og eit lærande arbeidsliv. Nettopp dette perspektivet ligg til grunn for dei fleste vurderingane og forslaga frå Sysselsettingsutvalet.

Saken fortsetter under annonsen

Det er ikkje alle som er nøgde med forslaget frå Sysselsettingsutvalet om å greie ut ein ny sjukelønnsmodell som framleis sikrar full lønn under sjukdom. Det er neppe overraskande.

Men her har partane tatt ansvar for den framtidige sjukelønnsordninga, med grep som vil forsterke arbeidet for eit meir inkluderande arbeidsliv.

Det er ein modell som det er god grunn til å gå vidare med.