Annonse
UTANFORSKAP: Kjenneteikn ved unge vaksne som fell utanfor er at dei har samansette diagnosar, ofte med lettare psykiske lidingar, dei har lite utdanning og svak tilknytting til arbeidslivet, skriv Svein Kostveit og Solveig Svardal. Foto: AntonioGuillem/iStock
Synspunkt

Medisin mot ungt utanforskap

Svein Kostveit er direktør, Rehabiliteringssenteret AiR og Solveig Svardal er spesialrådgjevar, Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering

SYNSPUNKT | Regjeringa har nettopp lagt fram ei melding til Stortinget om utanforskap. Å få fleire, og då særleg unge, i arbeid er ein av nasjonens største utfordringar framover. Utfordringane dei unge står framfor er samansette. Psykiske helseproblem, mangelfull utdanning og det å stå utanfor arbeidslivet heng gjerne saman. Er det mogleg å gjere noko slik at enkeltmennesket blir sett og får hjelp med slike samansette problem, og finn ein veg inn i arbeidslivet?

I møte med hjelpeapparatet opplever mange unge vaksne å ikkje bli sett som heile menneske, men som ei samling av problem som andre krev at dei skal løyse. Dei ønsker å bli sett, høyrt og forstått med sine spesifikke behov. Dei treng tiltak som blir sett i samanheng og som verkar saman. Dette kan tverrfagleg tilnærming gjere noko med.

Menneska treng å bli sett som eit heile, ikkje som ein haug med delar som ikkje fungerer.

Arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta har arbeid som mål, ser helse og arbeid i samanheng og varer over tid. Sentrale element i rehabiliteringa er å løfte fram deltakarens ressursar, la ho eller han oppleve meistring, utvikle meistringsstrategiar og sette seg i førarsetet for eige liv, gjennom mellom anna fysisk aktivitet og trening, undervisning, rettleiing og samtalar.

Denne heilheitlege og tverrfaglege tilnærminga står i kontrast til ei utmattande vandring frå ein spesialist til neste for å bøte på enkeltproblem.

Kjenneteikn ved unge vaksne som fell utanfor

Kjenneteikn ved unge vaksne som fell utanfor er at dei har samansette diagnosar, ofte med lettare psykiske lidingar, dei har lite utdanning og svak tilknytting til arbeidslivet.

Fleire av desse utfordringane denne gruppa har kan vi omtale som livsstilsutfordringar, knytt til vekt, døgnrytme og søvn, inntak av mat og drikke, samt lågt aktivitetsnivå og dekondisjonering. Dei manglar meistringserfaring og meistringsglede. I tillegg manglar dei kunnskap om arbeidslivet og kompetanse som kan gjere dei i stand til å søke og få arbeid, og bli i arbeidslivet.

Det manglar kompetanse til å sette midla saman på ein måte som verkar, tilpassa den som treng dei. 

Kva kan gjerast?

Å bryte dårlege kvardagsmønster, få struktur i livet og nye vanar krev samanhengande tverrfagleg behandling eller rehabilitering som går over tid.

For ungdom og andre grupper som står i fare for å miste fotfestet i arbeidsmarknaden, er det særleg naudsynt å sjå helsesituasjon, kompetanseheving og arbeidsdeltaking i samanheng.

Det manglar ikkje verkemiddel. Det manglar kompetanse til å sette midla saman på ein måte som verkar, tilpassa den som treng dei. Menneska treng å bli sett som eit heile, ikkje som ein haug med delar som ikkje fungerer.

Fleire i arbeid er avgjerande for velferdsstaten

Den siste Perspektivmeldinga, som er Finansdepartementet si melding til Stortinget om dei store samfunnsutfordringane framover og korleis desse kan løysast, er full av formuleringar som understrekar verdien av å få fleire i arbeid, slik som i kapittel 9.5: «Regjeringens viktigste strategi for å møte utfordringene for et bærekraftig velferdssamfunn er å få flere i arbeid og styrke kunnskap og kompetanse» og «Det er aller viktigst å hindre at unge havner varig utenfor arbeidslivet».

I 2019 var 19,2 % av personane mellom 20 og 66 år utanfor arbeidsstyrken.

Kvifor er arbeid så viktig? Det er så enkelt som at verdien av arbeidskrafta vår utgjer heile 74 % av nasjonalformua vår, til samanlikning med til dømes verdien av dei attverande oljeinntektene som utgjer snaue 2 %. Vi ser no fleire faktorar som trugar fundamentet for heile velferdssamfunnet vårt:

  • Fleire fell utanfor
    Andelen som av ulike årsaker fell utanfor arbeidslivet aukar.  I 2019 var 19,2 % av personane mellom 20 og 66 år utanfor arbeidsstyrken. Over 40 % av desse mottar uføretrygd eller AAP (arbeidsavklaringspengar).
     
  • Arbeidsløysa aukar
    Stenging av næringsverksemd og mange samfunnsfunksjonar som smitteverntiltak mot spreiing av koronaviruset har også ført til at arbeidsløysa, som lenge har vore stabilt låg, no stig sterkt.
     
  • Forsørgarbyrda aukar
    Når fødselstala og innvandringa går ned og levealderen aukar betyr det at det blir færre i arbeidsfør alder til å forsørge dei som ikkje er i arbeid; forsørgarbyrda aukar.

Verst for dei unge

Dei sterke endringane slår hardast ut for unge vaksne, både når det gjeld tal arbeidsledige og tal utanfor arbeidsstyrken. Talet på unge uføre er dobla dei siste sju åra, og vi har no om lag 40 000 personar under 30 år som mottar uføretrygd eller AAP. Til samanlikning vart det fødd 54 500 barn i Noreg i 2019.  

Dugnad er viktig, men dugnad er ikkje nok.

Bidrag til den nasjonale dugnaden

Statsministeren har kalla til ein nasjonal dugnad mot utanforskap. Dugnad er viktig, men dugnad er ikkje nok. Vi treng tiltak som spelar saman med øvrige tiltak, slik at det samla tilbodet frå ein ungdom fell ut til ho eller han er i aktivitet eller utdanning att, på veg inn i arbeidslivet, verkar saman og forsterkar kvarandre.

Det samfunnsøkonomiske tapet av at ein person fell ut av arbeidslivet tidleg i 20-åra er kanskje 15 millionar kroner. Då kan vi koste på oss ganske omfattande rehabiliteringsprogram retta særskilt mot dei behova unge vaksne har.

Det er helse i arbeid. Helsetenestene skal gi oss rett behandling på rett stad til rett tid. Arbeidsretta rehabilitering kan vere medisinen som skal til mot ungt utanforskap.

Annonse
Annonse
Annonse